Velkommen til min hjemmeside...   

Untitled
  HOME
  ARKIV
  OLEM--  
  FÅVANG
  OM SIDA MI
  US TOUR 07
  US TOUR 05
  CHEVELLE 66
  NEIL YOUNG
  HEROES
  MINE BILDER
  GUESTBOOK


Gamle riksveg 50, og Losna,- siste sundstaden i dalen


   Fåvang har mange bortgjemte og glemte kulturminner. Et av dem er gamle riksveg 50 forbi sundstugua på Losna. Tidligere i høst rusla vi vegen og etter 70 år ligger den der like inntakt, med bla. "autovern" i treplank.

Eldre Fåvanginger husker denne smale og trange vegen utmed Borgenesseberget, hvor bla. ei stygg bilulykke skjedde like før krigen. Under krigen tok Tyskerne og la om vegen opp til Borgemoen, og siden da har gamle riksveg 50 ligget der i skyggen av både E6 og folk flest.




   Tekst: Per Åsmundstad, - fritt etter Ludv. J. Strand, Årbok for Gudbrandsdalen 1971. Bildet viser Sundstuggua i dag.



Hausten 1968 vedtok Ringebu kommunestyre å leggje ned Losna sundstad. Samtidig slutta den siste faste sundmann der, Oscar Bjørnesset.

Da hadde det vore fast sundstad på Losna sidan jarnvegen Tretten – Sel vart opna hausten 1896. Før den tid tok folk seg over Losnasundet med eigne båtar etter som dei trong.

Det vart sett opp ei lita tømrastugu like ved ”storvegen” med godt utsyn mot andre sida der Losna-stasjonen ligg.

Det var berre eitt rom frå fyrsten. Det var Emort Strandstugun og Johannes Borgemoen som tømra opp Sundstugu.

Den fyrste sundmannen som vart tilsett heitte Kristoffer Olsen. Han skulle vera kome frå Østenstugun i Søre Fåvang og hadde budd oppi Kvenndalen, nord og ned for Lindvikskampen ei tid og sidan nede ved Sør-Strand skule før han fløtte inn i Sundstugu.

Ved folketeljinga i 1900 bur Kristoffer der saman med kona Marthe, født i Østre Gausdal, og dottera Anne og sonen Kristian født i 1895. Kristoffer og seinare Anne hadde ansvaret for sundtrafikken til 1917.

Det var stor trafikk dei fyrste åra. Eit stort lagerhus for varer vart oppført. Sundmannen hadde både båt og ferje slik at det kunne fraktast både hestar, køyrereiskap, høy og varer til Bjørgevolden Landhandleri. Det kunne vera mangt som kom med jarnvegen. Så lenge ein måtte ro både båt og ferje og attpå til fekk sjenerande vind, var det ikkje noko lett arbeid å ta seg fram dei snaue 700 metrane over sundet !

Ved messe med barnedåp eller konfirmasjon, eller bryllup og gravferd vart det mykje trafikk frå og til Fåvangskyrkja.

Neste sundmann vart Laurits Skjelleberg, men han stod i berre sommaren 1917.
Da tok Torger Pedersen over og han stod i heilt til 1942. Han hadde med seg ein familie på 7-8 personar, så da vart det behov for å byggje på ei høgd til og gang både oppe og nede.

Det hadde enda ikkje vore fast lønn for sundmann da Torger tok over. Det kosta 10 øre å bli rodd over. Sykkel og ryggsekk gjekk med attpå. For hest eller ku med ferja var det fyrst 50 øre og seinare det dobbelte.

Siste krigsåret 1918 fekk Torger eit dyrtidstillegg på kr. 100 og frå fyrst på 1920-talet fekk sundmannen fast årsløn på 300 kroner attåt dyrtidstillegget. Sundpengane auka fyrst til 25 øre per tur og sist då Torger dreiv vart det til 50 øre. Den faste lønna auka og etterkvart.

Etter Torger tok sonen Kristian over som sundmann. Etter ei tid vart sundpengane auka og no kosta det ei krone å bli rodd over.
Kristian Torgersen fekk seg omsider motorbåt.

Siste sundmann over Losnasundet var Oscar Bjørnesset frå 1965. Han fekk seg påhengsmotor, men laut halde seg sjølv med bensin så det vart ikkje rare fortenesta. Da han søkte Ringebu kommune om å få auka lønna frå kr.4.000 årleg til kr.6.000, vart det sagt stopp og sundstaden lagt ned i 1968. Dei tre siste som Oscar rodde over for betaling var Johannes Opheim frå Kvam, Johan Amrud og Ola P. Stenumgard som kom frå eit møte 2.november 1968 ved 22-tida.

Dermed var ei 70-årig ordning ferdig for godt. Vi var mange på Losna som sakna sundmannen vår, men med betre vegar, bilruter og stadig fleire privatbilar var det ikkje same behovet for sundmann lenger.




Teksta i denne artikkelen er skrevet av Per Åsmundstad frå Ringebu,
men sto på trykk i Årboka for gudbrandsdalen i 1971.

Ho var da skrevet av Losnakaren Ludvik J. Strand. Ludvik bodde på Losna og arbeidde for Jernbanen.

Bildene her viser gamle Riksveg 50 slik han gikk til krigsåra, da Tyskerne la han ned, og bygde nyvegen over Borgemoen.

Vegen står urørt etter 70 år, og med bla. gamle "autovern" i tre...





(Bilder og tillegsopplysninger om gamle riksveg 50 er innhenta av Ole M. Nybakken)

Sidene vises best i skjermoppløsning 1280 x 1024.